FORSLAG TIL ENDRINGER I LOV OM BARN OG FORELDRE

 

 

 

 

 

Tilbake

Kap. 2

Kap. 3

Kap. 4

Kap. 5

Kap. 6

Kap. 7

Kap. 8

Kap. 9

 

  Lov om barn og foreldre (barnelova).

Jfr. lover 22 april 1927 nr. 3, 9 des 1955 nr. 5, 17 feb 1989 nr. 2. - Jfr. tidlegare lover 1 aug 1821 § 1 og § 10, 15 sep 1851 § 2, 6 juli 1892 nr. 5, 10 april 1915 nr. 6 (med tilleggslover 25 juni 1937 nr. 13, 28 juli 1949 nr. 7, 9 des 1955 nr. 5), 21 des 1956 nr. 8, 9 og 10 (med tilleggslover 19 juni 1969 nr. 4, 16 juni 1972 nr. 44, 20 des 1974 nr. 67).

Kapittel 1. Nokre føresegner i samband med fødselen.

§ 1. Fødselsmelding.                                                               Når eit barn er født, skal lækjaren eller jordmora gje fødselsmelding til folkeregisteret. I meldinga skal opplysast kven som er far til barnet i samsvar med § 3 eller § 4, eller kven mora har gjeve opp som far til barnet i tilfelle der farskapen enno ikkje er fastsett. I meldinga skal også opplysast om foreldra lever saman. Meldinga skal dessutan innehalde dei opplysningane som departementet fastset.

Når barnet er født utan at lækjar eller jordmor var til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding til folkeregisteret innan ein månad. Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet, skal ho gje melding til folkeregisteret innan ein månad etter at barnet er kome til Noreg.

Fødselsmelding skal også gjevast når barnet er dødfødt.

I tilfelle då farskapen enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman, skal fødselsmeldinga sendast både til folkeregisteret og tilskotsfuten.

Endring: Ingen

 § 1a. Rett for mora til å ha nokon med ved fødselen.                  Ved fødselen har mora rett til å ha med far til barnet eller ein annan som står henne nær, dersom det ikkje er utilrådeleg av medisinske grunnar.

Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998 - tidlegare § 2).

Endring: ”Far” endres til ”far eller mater” slik:

§ 1a. Rett for mora til å ha nokon med ved fødselen.                  Ved fødselen har mora rett til å ha med far eller mater til barnet eller ein annan som står henne nær, dersom det ikkje er utilrådeleg av medisinske grunnar.

 

Kapittel 1 A. Kven som er mor til barnet.

Tilføyd med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998).

§ 2. Kven som er mor til barnet.                                              Som mor til barnet skal reknast den kvinna som har fødd barnet.

Avtale om å føde eit barn for ei anna kvinne er ikkje bindande.

Tilføyd med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998).

Endring: Ingen

Konskvenser av endringer i dette kapittel:

Mater likestilles med far under fødselen. Dette har kun symbolsk betydning, da mors partner uansett vil regnes som ”ein annan som står henne nær” i den eksisterende lova.