|
FORSLAG TIL ENDRINGER I LOV OM BARN OG FORELDRE |
||||||||
|
|
Kapittel 3. Oppgåvene til tilskotsfuten og fylkeskontoret i trygdeetaten i farskapssaker.Dette kapittelet gjelder bare biologiske foreldre og blir derfor stående uendret slik: Overskriften endra med lov 16 juni 1994 nr. 21. § 10. Oppgåvene til tilskotsfuten. Når tilskotsfuten får fødselsmelding etter § 1 fjerde stykket fordi farskapen ikkje er fastsett, skal han melde frå til den oppgjevne faren. Vedgår han ikkje farskapen i samsvar med § 4, skal tilskotsfuten om råd få han til å seia kva han meiner om farskapsspørsmålet. Vert farskapen vedgått, skal tilskotsfuten melde frå om det til folkeregisteret. Elles skal han utan vesentleg opphald sende saka til fylkestrygdekontoret. Tilskotsfuten skal sjølvbedd gjere både mora og den oppgjevne faren kjend med kva for økonomiske og andre rettar og plikter dei har når det gjeld barnet. Dersom dei ikkje har gjort avtale om forsytingstilskotet etter § 54 første stykket, skal tilskotsfuten få greie på deira arbeid, utdanning, inntekt, formue og andre tilhøve som kan ha noko å seie for fastsetjinga av forsytingstilskotet etter § 54 femte stykket. For å fastsetje tilskotet kan tilskotsfuten utan omsyn til teieplikta krevje opplysningar som trengst frå arbeidsgjevarar, Direktoratet for sjømenn, likningsstell og trygdeverk og frå forsikringsselskap, bankar og andre som forvarer eller styrer formueverdiar. Trygdekontoret er tilskotsfut, med mindre departementet har fastsett noko anna. Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). § 11. Fylkestrygdekontoret skriv ut farskapsførelegg. Fylkestrygdekontoret kan krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring, og kan gje pålegg om blodprøve og DNA-test av dei og barnet. I særlege tilfelle kan den som kan vere far påleggjast å avgje blodprøve og DNA-test før barnet er fødd. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om blodprøver og DNA-testing. Lækjaren eller jordmora som har hatt mora til svangerskapskontroll, er utan omsyn til teieplikt skyldige til å gje fylkestrygdekontoret slike opplysningar om svangerskapet og farskapen som departementet fastset i forskrift. Har den oppgjevne faren ikkje vedgått farskapen, men fylkestrygdekontoret finn det truleg at han er faren, skal det skrivast ut farskapsførelegg mot han. Fylkestrygdekontoret kan skrive ut farskapsførelegg mot ein annan mann som kontoret meiner mest truleg er faren. Fylkestrygdekontoret skal ikkje skrive ut førelegg når den som truleg er faren, er død eller sinnsjuk. Dersom han bur i utlandet, kan fylkestrygdekontoret la vere å skrive ut førelegg. Døyr barnet kort tid etter fødselen, kan fylkestrygdekontoret la vere å skrive ut førelegg når mora er samd i det. Det same gjeld når andre sterke grunnar talar for å leggje bort saka. Dersom fylkestrygdekontoret legg bort saka, kan barnet, mora eller den mannen som meiner at han er far til barnet, sjølv reise sak om farskapen for domstolane. Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 16 juni 1994 nr. 21 (sjå dens V), 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998, etter res. 13 juni 1997 nr. 576). § 12. Innhaldet i førelegget. I førelegget skal stå at vedkomande vert rekna for far til barnet dersom han vedgår farskapen, jf § 4, og at saka vil bli send retten til avgjerd dersom han ikkje vedgår farskapen innan ein månad etter at han har fått førelegget. I førelegget skal opplysast kva for rettsleg verknad det har for vedkomande og barnet at han vert rekna for faren. Førelegget skal sendast til den utlagde faren i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre at førelegget er mottatt. Endret ved lov 21 des 2001 nr. 117 (i kraft 1 jan 2002, etter res. 21 des 2001 nr. 1475). § 13. Når saka går til retten m.m. Fylkestrygdekontoret skal sende stemning til tingretten til avgjerd etter kapittel 4 dersom:
Når farskapen er vedgått i samsvar med § 4, skal saka ikkje i noko tilfelle gå til retten. Mora skal få melding om vedgåinga. Endar ei rettssak utan at farskapen vert fastsett, og den heller ikkje vert fastsett seinare, kan fylkestrygdekontoret skrive ut nytt farskapsførelegg og sende saka til retten dersom det kjem fram nye opplysningar som tyder på at faren kan vere ein mann som tidlegare ikkje har vore part i saka. Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 16 juni 1994 nr. 21 (sjå dens V), 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998, etter res. 13 juni 1997 nr. 576), 14 des 2001 nr. 98 (i kraft 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416).
|
|||||||