|
FORSLAG TIL ENDRINGER I LOV OM BARN OG FORELDRE |
||||||
|
|
Kapittel 4. Rettargang i farskapssaker.§ 14. Tilhøvet til allmenne rettargangsreglar. For farskapssaker gjeld reglane i dette kapittel, domstollova og tvistemålslova. Endring: Ingen. § 15. Kva for domstol saka høyrer under. Saka skal reisast ved heimtinget til barnet. Lever ikkje barnet eller bur det utanfor riket, skal saka reisast ved heimtinget til mora. Er også ho død eller busett utanfor riket, skal saka reisast ved heimtinget til den oppgjevne faren. Endra med lov 11 juni 1993 nr. 83. Endring: Ingen. § 16. Kva for spørsmål som kan takast opp i ei farskapssak. I ei farskapssak kan andre tvistemål berre takast opp når dei gjeld ei følgje av farskapen eller av farskapssaka. Endring: Ingen. § 17. Partane i saka. I farskapssaker er både barnet, mora og kvar mann som vert rekna for faren eller kan vere det, partar i saka. Døyr ein mann som kan vere far til barnet, skal dødsbuet eller arvingane hans gjerast til part. Kjem det fram opplysningar som tyder på at nokon annan kan vere faren, skal retten ved prosesskrift gjere han til saksøkt. Endring: Mater legges til som part i saka slik: § 17. Partane i saka. I farskapssaker er både barnet, mora, materen og kvar mann som vert rekna for faren eller kan vere det, partar i saka. Døyr ein mann som kan vere far til barnet, skal dødsbuet eller arvingane hans gjerast til part. Kjem det fram opplysningar som tyder på at nokon annan kan vere faren, skal retten ved prosesskrift gjere han til saksøkt. § 18. Setteverje for barnet. Er det ikkje oppnemnd verje for barnet, skal retten syte for oppnemning av setteverje når mora ikkje gjev opp kven faren er, eller når det ligg føre opplysningar som tyder på at faren kan vere ein annan enn den mora har gjeve opp. Endring: ingen. § 19. Tilseiing om stemning og innkalling. Ved tilseiing for nokon etter domstollova § 181 skal namnet på andre partar berre gjerast kjent når retten fastset det av særlege grunnar. Ein part som har kjend tilhaldsstad i riket, kan kallast inn til saksførebuinga i rekommandert brev. Endring: Ingen. § 20. (Opphevd med lov 28 april 2000 nr. 34 (i kraft 1 juli 2000, etter res. 28 april 2000 nr. 366).) Endring: Ingen. § 21. Forklaring frå partar og vitne. Både mora og den som kan vere far til barnet, har plikt til å forklare seg i saka etter reglane for vitne og med same ansvar som vitne. Retten avgjer om ein part skal få høyre på medan ein annan part forklarar seg under saksførebuinga. I farskapssaker kan ingen nekte å svare på spørsmål fordi svaret kan føre til at vedkomande taper borgarleg vørnad, jf tvistemålslova § 208. Når eit vitne har forklara seg under saksførebuinga, treng det ikkje kallast inn til hovudforhandlinga når retten held nytt avhøyr for uturvande og partane ikkje krev nytt avhøyr. Endring: Barnets mater får plikt til å forklare seg på lik linje med mor og far slik: § 21. Forklaring frå partar og vitne. Både mora, materen og den som kan vere far til barnet, har plikt til å forklare seg i saka etter reglane for vitne og med same ansvar som vitne. Retten avgjer om ein part skal få høyre på medan ein annan part forklarar seg under saksførebuinga. I farskapssaker kan ingen nekte å svare på spørsmål fordi svaret kan føre til at vedkomande taper borgarleg vørnad, jf tvistemålslova § 208. Når eit vitne har forklara seg under saksførebuinga, treng det ikkje kallast inn til hovudforhandlinga når retten held nytt avhøyr for uturvande og partane ikkje krev nytt avhøyr. § 22. Provføring om seksuelle tilhøve. I farskapssaker må det ikkje spørjast eller førast prov om seksuelle tilhøve for partane utanom den tida då mora kan ha blitt med barnet. Retten kan i orskurd likevel tillate slik provføring, når den finn at det har beinveges verknad for avgjerda i saka. Endring: Ingen. § 23. Fråvering. Saka stoggar ikkje om nokon av partane eller alle partar let vere å møte. Forklaring som er gjeve under saksførebuinga, kan lesast opp under hovudforhandlingane der vedkomande ikkje møter, om ikkje særlege grunnar taler mot. Endring: Ingen. § 24. Blodprøve og gransking av arvemerke. Retten kan vedta å granske blodtypen eller andre arvemerke hos mora, barnet og kvar mann som er part i saka. Er det grunn til å tru at ein mann som ikkje er part, har hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, kan retten vedta slik gransking også hos han når han først har fått sagt si meining. Offentlig lækjar har plikt til å ta naudsynt blodprøve. Er ein som kan vere far til barnet død eller utilgjengeleg av annan grunn, kan retten som prov i ei farskapssak innhente og gjere bruk av biologisk materiale eller prøver som tidlegare er tatt av han. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om innhenting og bruk av slikt materiale. Let nokon vere å rette seg etter påbod etter første stykket eller § 11 første stykket om å kome sjølv eller med barn vedkomande har omsorg for, til blodprøvetaking eller anna gransking av arvemerke, kan retten i orskurd fastsetje ei tvangsbot for kvar dag som går til påbodet er etterkome. Slik tvangsbot skal krevjast inn av innkrevjingssentralen for fostringstilskot etter reglane om innkrevjing av fostringstilskot. Elles gjeld tvangsfullføringslova § 13-8 på tilsvarande måte. I staden for tvangsbot kan retten vedta at vedkomande skal gripast av politiet og førast til lækjar til blodprøvetaking. Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 11 juni 1993 nr. 83, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998 - men slik at i ei rettssak som går når lova vert satt i kraft, skal lova leggjast til grunn dersom hovudforhandling ikkje alt har byrja). Endring: Ingen. § 25. Dom utan hovudforhandling. Retten kan seie dom i farskapssak utan hovudforhandling når ein DNA-test anten utpeikar ein mann som far eller viser at han ikkje kan vere far til barnet, likevel slik at partane skal få høve til å uttale seg om føresetnaden for å seie dom utan at hovudforhandling ligg føre. Med samtykke frå mor til barnet kan retten gje frifinningsdom for alle menn som er partar i saka, når retten etter at gransking av blodprøver og forklaring frå partar og vitne er tilendeført, finn det klart at det ikkje let seg gjere å gje dom for farskap. Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Endring: Ingen. § 26. Heving av saka. Retten kan heve saka i orskurd når
Har ein mann vedgått farskapen ved påteikning på farskapsførelegg, og mora ikkje har oppgjeve han som far, kan saka hevast etter første stykket bokstav a berre når mora samtykkjer. Endring: Ingen. § 27. Utvida rettskraft. Ein rettskraftig dom i ei farskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle tilhøve der farskapen har noko å seie. Endring: Ingen. § 28. Særreglar om overprøving. Alle partane i saka på første rettssteget held fram å vere partar i ankesaka. Den som er frifunnen etter § 25 første stykket, er likevel berre part når retten eller nokon av dei andre partane dreg han inn i saka. Tyder opplysningar som kjem fram i ankesaka på at nokon annan kan vere faren, skal retten anten gjere han til part i prosesskrift eller oppheve dommen og sende saka til ny forhandling i tingretten. Den som er dømd å vere far utan å ha møtt i saka og har fått tilseiing om dommen etter reglane i domstollova § 181, kan krevje gjenopptaking dersom han legg fram opplysningar som skaper alvorleg tvil om farskapsspørsmålet er rett avgjort i dommen. Endra med lov 14 des 2001 nr. 98 (i kraft 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416). Endring: Ingen. § 28a. Særreglar om gjenopptaking Ei rettskraftig avgjerd kan krevjast gjenoppteke utan omsyn til vilkåra i tvistemålslova §§ 405-408 dersom det ikkje låg føre ein DNA-analyse i saka. Vert det kravd gjenopptaking, skal retten gje pålegg om blodprøve og DNA-analyse. Når DNA-analysen ligg føre, gjeld regelen i § 25 første ledd. Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 92 (i kraft 1 april 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1696). Endring: Ingen. § 29. Kostnaden med saka. Staten ber den kostnaden som retten har med saka, også kostnaden med å få tak i opplysningar som retten finn naudsynte. Endring: Ingen. Konsekvenser av endringene i dette kapittelet: Dersom det reises farskapssak om et barn født inn i partnerskap, blir også barnets mater part i saka. Hun har de samme retter og plikter som de andre partene. En slik sak kan reises av mora, materen eller av en mann som mener han er faren. I slike tilfeller vil en mann bli dømt til far dersom det ikke er lite trolig at han er den biologiske faren, og dersom det ikke er lite trolig at barnet ble unnfanget ved sæddonasjon.
|
|||||