|
FORSLAG TIL ENDRINGER I LOV OM BARN OG FORELDRE |
||
|
|
Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast.Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). § 30. Innhaldet i foreldreansvaret. Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som §§ 31 til 33 set. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov. Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad. Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Om retten til å ta avgjerd for barnet i økonomiske tilhøve gjeld reglane i verjemålslova 22. april 1927 nr. 3. Endra med lov 6 feb 1987 nr. 11. Endring: Ingen. § 31. Rett for barnet til å vere med på avgjerd. Etter kvart som barnet utviklast og mognast, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege tilhøve for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner. Det same gjeld for andre som barnet bur hos eller som har med barnet å gjere. Når barnet er fylt 12 år, skal det få seie si meining før det vert teke avgjerd om personlege tilhøve for barnet, herunder i sak om kven av foreldra det skal bu hos. Det skal leggjast stor vekt på kva barnet meiner. Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Endring: Ingen. § 32. Utdanning, medlemskap i foreiningar. Barn som er fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmål om val av utdanning og om å melde seg inn i eller ut av foreiningar. Endring: Ingen. § 33. Barnet sin sjølvråderett. Foreldra skal gje barnet stendig større sjølvråderett med alderen og fram til det er myndig. Endring: Ingen. § 34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte. Foreldre som er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn. Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal ha det åleine. Inntil avtale eller avgjerd etter tredje stykket eller § 38 ligg føre, har dei foreldreansvaret saman. Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret, kan kvar av dei reise sak om spørsmålet for retten. Er dei samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om kven som skal ha foreldreansvaret og kven barnet skal bu saman med, gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Avgjerda skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet. Partane skal møte til mekling før saka vert ført inn for retten eller fylkesmannen. Departementet gjev nærare forskrifter for slik mekling. Ekteskapslova §§ 26 og 26 a gjeld tilsvarande. Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 25 sep 1992 nr. 106, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Endring: ”gifte” erstattes av ”gifte eller partnarar” slik: § 34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte eller partnarar. Foreldre som er gifte eller partnarar, har foreldreansvaret saman for sams barn. Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal ha det åleine. Inntil avtale eller avgjerd etter tredje stykket eller § 38 ligg føre, har dei foreldreansvaret saman. Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret, kan kvar av dei reise sak om spørsmålet for retten. Er dei samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om kven som skal ha foreldreansvaret og kven barnet skal bu saman med, gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Avgjerda skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet. Partane skal møte til mekling før saka vert ført inn for retten eller fylkesmannen. Departementet gjev nærare forskrifter for slik mekling. Ekteskapslova §§ 26 og 26 a gjeld tilsvarande. Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 25 sep 1992 nr. 106, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). § 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte. Når foreldra ikkje er gifte, har mora foreldreansvaret åleine. Foreldra kan likevel etter avtale gje melding til folkeregisteret om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine. Blir foreldra usamde om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med fast, kan kvar av dei reise sak etter reglane i § 34 tredje stykket. Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 35 b. Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998 - men slik at i ei rettssak som går når lova vert satt i kraft, skal lova leggjast til grunn dersom hovudforhandling ikkje alt har byrja). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Endring: ”gifte” erstattes av ”gifte eller partnarar” slik: § 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte eller partnarar. Når foreldra ikkje er gifte eller partnarar, har mora foreldreansvaret åleine. Foreldra kan likevel etter avtale gje melding til folkeregisteret om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine. Blir foreldra usamde om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med fast, kan kvar av dei reise sak etter reglane i § 34 tredje stykket. Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 35 b. Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998 - men slik at i ei rettssak som går når lova vert satt i kraft, skal lova leggjast til grunn dersom hovudforhandling ikkje alt har byrja). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). § 35a. Kvar barnet skal bu fast. Foreldra kan reise sak om kvar barnet skal bu fast for retten. § 34 tredje stykket gjeld tilsvarande. Dersom foreldra er enige, kan dei avtale at barnet skal bu fast saman med begge, jamvel om dei ikkje bur saman. Er foreldra usamde, må retten eller fylkesmannen avgjere at barnet skal ha ein fast bustad. Tilføyd med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998 - men slik at i ei rettssak som går når lova vert satt i kraft, skal lova leggjast til grunn dersom hovudforhandling ikkje alt har byrja). Vert opphevd med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Endring: Ingen. § 35b. Avgjerder som kan takast av den som barnet bur fast saman med. Har foreldra sams foreldreansvar, men barnet bur fast saman med berre den eine, kan den andre ikkje setje seg mot at den barnet bur saman med, tek avgjerder som gjeld vesentlege sider av omsuta for barnet, m.a. spørsmålet om barnet skal vere i barnehage, kor i landet barnet skal bu og andre større avgjerder om dagleglivet. Tilføyd med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Endring: Ingen. § 36. Foreldreansvaret etter dødsfall. Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret åleine. Bur barnet saman med begge foreldra og den eine av dei døyr, får den attlevande foreldreansvaret åleine, jamvel om berre den avdøde hadde foreldreansvar. Fører dødsfall til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, skal lensmannen eller tingretten få opplysning om det i dødsfallsmeldinga. Når den som får foreldreansvaret etter første stykket ikkje budde saman med barnet, eller den som får foreldreansvaret etter andre stykket ikkje hadde foreldreansvaret då den andre døydde, kan andre innan 6 månader etter dødsfallet reise sak med krav om å få foreldreansvaret og få bu fast saman med barnet. Retten kan ta førebels avgjerd etter reglane i § 38. Der ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, jf. tredje stykket, skal dei som ønskjer foreldreansvaret vende seg til tingretten der barnet bur. Retten kan la ein person få foreldreansvaret åleine, eller la sambuande mann og kvinne få det saman. Får nokon annen enn attlevande far eller mor foreldreansvaret, skal retten også avgjere om faren eller mora framleis skal ha del i foreldreansvaret. Har foreldra skriftleg gjeve uttrykk for kven dei ønskjer skal ha foreldreansvaret etter at dei er døde, bør det leggjast vekt på dette. For den eller dei som får foreldreansvaret, gjeld reglane i kapitlet her og kapittel 6. Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998 - men slik at endringa ikkje gjeld der den avlidne døydde før 1 jan 1988), 14 des 2001 nr. 98 (i kraft 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416), 30 aug 2002 nr. 67 (kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Endring: Ingen. § 37. Handsamingsmåten for krav om foreldreansvar etter § 36. Dersom ingen har foreldreansvar for barnet, og det berre kjem eitt krav om å få foreldreansvaret, skal retten gå med på kravet, utan når det er fare for at barnet ikkje vil få forsvarleg stell og fostring, eller at det vil lide skade på annan måte. Avslag på eit krav om foreldreansvaret skal gjerast i orskurd og kan ankast. Kjem det eitt eller fleire krav om å få foreldreansvaret, skal retten avgjere spørsmålet i orskurd, som kan ankast. Retten skal til vanleg kalle inn til munnleg forhandling før det vert teke avgjerd. Avgjerda skal rette seg etter det som er best for barnet. Det skal leggjast vekt på om den attlevande av foreldra ønskjer foreldreansvaret. Ingen kan få foreldreansvaret utan å oppfylle vilkåra i første stykket. Før retten avgjer saka, skal dei næraste slektningane til barnet eller dei som barnet bur saman med ha høve til å uttale seg. Er barnet fylt 12 år, skal retten høyre kva det meiner. Retten kan sjå bort frå uttaleretten etter dette stykket når særlege grunnar gjer uttale uturvande. Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal kunne flyttast frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet, og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte. Dersom ingen har meldt seg eller retten gjev avslag på alle krav om foreldreansvaret, skal den melde frå til barneverntenesta. Barneverntenesta skal plassere barnet etter reglane i lov om barneverntenester § 4-14 og § 4-15 første stykket, § 4-16, § 4-17, § 4-18 første stykket og § 4-20 gjeld tilsvarande. Avgjerd etter paragrafen her kan innstemnast på ny for retten av den attlevande av foreldra og endrast dersom særlege grunnar talar for det. § 39 tredje stykket gjeld tilsvarande. Endra med lover 12 juni 1987 nr. 70, 17 juli 1992 nr. 100, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Endring: Ingen. § 38. Førebels avgjerd om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med. I rettssak om foreldreansvaret kan retten etter krav frå ein part fastsetje i orskurd kven av partane som skal ha foreldreansvaret til rettskraftig avgjerd ligg føre. Retten kan ta førebels avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord. Regelen i første stykket gjeld tilsvarande i sak om kven barnet skal bu saman med. Retten kan også ta førebels avgjerd før saka er reist, dersom særlege grunnar talar for det. Retten kan samstundes forby den andre av foreldra å kome til den eigedommen eller det bustadhuset der barnet held til. Dersom det ikkje trengst avgjerd straks, skal retten så langt som råd er gje den andre høve til å uttale seg. Dommaren skal i orskurden fastsetje ein frist for å reise søksmål. Går fristen ut utan forlenging, fell tekne avgjerder bort. Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Endring: Ingen. § 39. Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret o.l. Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med. Vert dei ikkje samde, kan kvar av dei i samsvar med § 34 tredje stykket reise sak for retten eller la ho gå til fylkesmannen. Avgjerd av doms- eller styringsmakt og rettsforlik kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 38 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka. Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnt i andre stykket, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling. Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Endring: Ingen. § 40. Kvar avgjerdene skal takast. Avgjerd om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med, skal takast av den retten eller den fylkesmannen der barnet har heimting på den tid då saka vert teken opp. Endra med lov 11 juni 1993 nr. 83. Endring: Ingen. § 41. Bruk av sakkunnige, barneverntenesta eller sosialtenesta. I saker der det trengst, bør sakkunnige, barneverntenesta eller sosialtenesta uttale seg før det vert teke avgjerd. Endra med lover 12 juni 1987 nr. 70, 13 des 1991 nr. 81, 17 juli 1992 nr. 100. Endring: Ingen. § 41a. Registrering av foreldreansvaret. Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregisteret. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregisteret er ikkje gyldig. Tilføyd med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998 - men slik at endringa ikkje gjeld for avtaler som er inngått før 1 jan 1998). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Endring: Ingen. § 42. Tvangsfullføring Om tvangsfullføring av avgjerd om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, gjeld tvangsfullføringslova kap 13. Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 38 er tvangskraftig endå om avgjerda ikkje er rettskraftig. Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 26 juni 1992 nr. 86, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Endring: Ingen. § 43. Flytting med barnet til utlandet. Har den eine av foreldra foreldreansvaret åleine, kan den andre ikkje setje seg imot at barnet flyttar ut av landet. Dersom foreldra har foreldreansvaret saman, må begge samtykkje til at barnet skal flytte til utlandet. Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu fast saman med, må barnet ikkje flytte ut av landet før saka er avgjort. Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Endring: Ingen. § 43a. Utanlandsferd med barnet. Den som har sams foreldreansvar eller foreldreansvaret åleine, kan ta barnet med på stuttare utanlandsferder. Har foreldra sams foreldreansvar, kan retten i orskurd setje forbod mot utanlandsferd med barnet, dersom det er uvisst om barnet vil kome attende. Forbodet kan gjelde ei enkelt reise eller ålment, og kan også setjast i ei sak om foreldreansvaret, kven barnet skal bu saman med eller samværsrett. Retten kan ta førebels avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord. I sak der det vert nedlagt reiseforbod, skal barnet førast ut av passet til den som vil forlate landet, eller barnet sitt pass skal trekkjast attende, eller barnet kan setjast bort til andre på forsvarleg måte til saka er avgjord. Dersom det er fare for at barnet ikkje vil kome attende, kan politiet leggje ned førebels utreiseforbod fram til saka kan handsamast av retten. Andre stykket gjeld tilsvarande. Den av foreldra som ikkje har foreldreansvaret, kan ikkje reise til utlandet med barnet utan samtykkje frå den som har foreldreansvaret. Retten kan likevel etter krav frå den som vil reise, gje samtykke til utanlandsferd med barnet når det er openbert at barnet vil kome attende. Første stykket tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande for samtykkjet. Tilføyd med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Endring: Ingen. Konsekvenser av endringer i dette kapittelet: Det slås fast at mater har foreldreansvar på lik linje med far som er, eller har vært, gift med mor.
|
|