|
FORSLAG TIL ENDRINGER I LOV OM BARN OG FORELDRE |
||
|
|
Kapittel 6. Samværsrett m.m.I dette kapittelet benyttes hele tiden begrepet ”foreldre”, og det blir derfor stående uendret slik: § 44. Barnet sin rett til samvær. Barnet har rett til samvær med begge foreldra, jamvel om dei lever kvar for seg. Foreldra har gjensidig ansvar for at samværsretten vert oppfyld. Barnet har krav på omsut og omtanke frå den som er saman med barnet. Den som er saman med barnet, kan ta avgjerder som gjeld omsuta for barnet under samværet. Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8 (i kraft 1 mai 1989, men slik at endringa i § 44 andre leden ikkje gjeld for barn fødd før 1 mai 1989), 25 sep 1992 nr. 106, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). § 44a. Omfanget av samværet m.v. Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett. Omfanget av samværsretten bør avtalast nærare. Vert det avtala eller fastsett « vanleg samværsrett », gjev det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka, annankvar helg, 14 dagar i sommarferien, og jul eller påske. Foreldra kan reise sak om omfanget av samværsretten for domstolen. Er dei samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om samværsretten gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Avgjerda skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet. Det kan setjast vilkår for at samværsretten skal kunne gjennomførast. Partane skal møte til mekling før saka vert ført inn for retten eller fylkesmannen. Departementet gjev nærare forskrifter for slik mekling. Ekteskapslova §§ 26 og 26 a gjeld tilsvarande. Den andre av foreldra skal få melding i rimeleg tid føreåt når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare. Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevja ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jf. § 39 andre stykket. Tilføyd med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). Vert opphevd med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). § 44b. Reisekostnader ved samvær. Reisekostnadane ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadane. Er foreldra samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Tilføyd med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), endra med lov 15 juni 2001 nr. 37 (i kraft 1 jan 2002, etter res. 15 juni 2001 nr. 640). Vert opphevd med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). § 45. Samværsrett for andre enn foreldra. Når den eine av foreldra eller begge er døde, kan slektningane til barnet eller andre som er nær knytte til barnet, krevje at retten fastset om dei skal ha rett til å være saman med barnet, og kva for omfang samværsretten skal ha. Når partane er samde om det, kan saka i staden gå til fylkesmannen. Avgjerda skal rette seg etter det som er best for barnet. I sak om samværsrett mellom foreldra etter § 44 a, kan ein forelder som vert nekta samvær krevje at avgjerdsorganet fastset om hans eller hennar foreldre skal ha rett til å vere saman med barnet og kva for omfang samværsretten skal ha. Første stykket tredje punktum gjeld tilsvarande. Samvær for besteforeldra kan berre fastsetjast på vilkår av at den som er nekta samvær ikkje får møte barnet. Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998 - men slik at i ein rettssak som går når lova vert satt i kraft, skal lova leggjast til grunn dersom hovudforhandling ikkje alt har byrja). Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). § 46. Førebels avgjerd om samværsrett. I rettssak om foreldreansvaret, om kven barnet skal bu saman med, eller om samværsrett kan retten etter krav frå ein part ta avgjerd i orskurd om førebels samværsrett. Slik avgjerd kan gjelde generelt til rettskraftig dom er fallen, eller for viss tid. § 38 siste stykket gjeld tilsvarende. Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998). § 47. Handsaming av saker om samværsrett. Spørsmål om samværsrett kan avgjerast i sak om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med, eller takast opp i eiga sak. Reglane i § 40 og § 41 gjeld på tilsvarande måte i saker om samværsrett. Reglane i § 39 gjeld på tilsvarande måte for endring av avtale eller avgjerd om samværsrett. § 48. Tvangsfullføring Avgjerd om samværsrett kan tvangsfullførast ved tvangsbot etter tvangsfullføringslova kap 13. Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. For ei viss tid kan tingretten fastsetje ei ståande tvangsbot som skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 46 er tvangskraftig endå om avgjerda ikkje er rettskraftig. Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 26 juni 1992 nr. 86, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 30 aug 2002 nr. 67 (kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938). § 49. Rett til å bli høyrd før ei avgjerd om framtida til barnet. Den som har samværsrett med barnet, skal så langt råd er, få uttale seg før den som har foreldreansvaret, tek avgjerder som vil gjere det umogeleg eller vesentleg vanskelegare å utøve samværsretten. Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). § 50. Rett til opplysningar om barnet. Har den eine av foreldra foreldreansvaret aleine, skal denne gje den andre opplysningar om barnet når det blir bede om det. Den andre har også rett til å få opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialvesen og politi, om ikkje teieplikta gjeld andsynes foreldra. Slike opplysningar kan nektast gjeve dersom det kan vere til skade for barnet. Avslag på krav om opplysningar etter første stykket andre punktum kan påklagast til fylkesmannen. Reglane i forvaltningslova kapittel VI gjeld så langt dei høver, jamvel om avslaget er gjeve av private. I særlege høve kan fylkesmannen avgjere at den som ikkje har foreldreansvaret, skal tape opplysningsretten etter paragrafen her. Endra med lov 3 mars 1989 nr. 8. Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). |
|