|
FORSLAG TIL ENDRINGER I LOV OM BARN OG FORELDRE |
||||||
|
|
Kapittel 7. Fostringsplikt.I dette kapittelet benyttes hele tiden begrepet ”foreldre”, og det blir derfor stående uendret slik: Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728, endrer kapitteltal til « 8 », samstundes vert §§ 51 til 62 til §§ 66 til 80). § 51. Foreldra sin skyldnad til å fostre barnet. Foreldra skal bere utgiftene til forsyting og til utdanning av barnet etter evne og givnad og etter dei økonomiske kåra til foreldra, når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Innbyrdes har begge foreldre skyldnad til å skyte til det som trengst etter evne. Reglane om fostringsplikt for foreldra etter dette kapitlet gjeld tilsvarande for andre som har fått foreldreansvaret etter at begge foreldra er døde. § 52. Fostringstilskot. Der ein eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkomande betale faste pengetilskot til forsyting og utdanning. Også foreldre som bur saman med barnet, kan påleggjast å yte pengetilskot når dei forsømer fostringsplikta si etter § 51. Ingen kan gje avkall på den retten barnet har etter dette stykket. Til særlege utlegg før barnet fyller 18 år kan foreldra påleggjast å yte særtilskot. Krav om særtilskot må setjast fram innan eit år etter at dei særlege utlegga kom på. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om særtilskot. Det er barnet som har rett til tilskotet. Når ikkje noko anna er fastsett, skal det betalast på forskot for kvar månad til den barnet bur saman med fast. Tilskotet skal betalast frå og med den kalendermånaden kravet oppstår og ut den kalendermånaden vilkåra for tilskot fell bort. Endra med lover 17 feb 1989 nr. 2 (med verknad for fostringstilskot for tidsrom etter 30 juni 1989), 19 juni 1992 nr. 63. § 53. Kor lenge fostringsplikta varer. Skyldnaden til foreldra etter §§ 51 og 52 varer til barnet er 18 år når ikkje anna er avtala eller fastsett etter paragrafen her. Vil barnet etter fylte 18 år halde fram med slik skulegang som må reknast som vanleg, har det krav på pengetilskot for den tid skulegangen varer ved. Dette gjeld likevel ikkje dersom det etter dei økonomiske kåra til foreldra og tilhøva elles ville vere urimeleg å påleggje tilskot. Det skal fastsetjast ei tidgrense for krav på tilskot etter denne regelen. Foreldra kan også påleggjast å yte tilskot til anna vidareutdanning dersom det er rimeleg etter dei økonomiske kåra deira, interessene og givnaden til barnet, høvet til å skaffe seg midlar til vidareutdanninga på anna vis og tilhøva elles. Det skal fastsetjast ei tidgrense for krav på slike tilskot. § 53a. Tilhøvet mellom reglane om fostringsplikt etter barnelova og barnevernloven Fostringstilskot som er fastsette etter lova her fell bort frå det tidspunktet tilskot kan fastsetjast etter barnevernloven § 9-2. Tilføyd med lov 4 juni 1999 nr. 35 (i kraft 1 sep 1999, etter res. 4 juni 1999 nr. 863). § 54. Korleis fostringstilskotet vert fastsett. Foreldra kan gjere avtale om fostringstilskot til barnet. Dersom dei vil avtale eit mindre tilskot enn minstesummen etter lov av 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven) § 5 første stykket, må dei ikkje avtale eit lågare tilskot enn etter dei satsane som er fastsette av departementet i medhald av sjuande stykket. Dersom dei ikkje vert samde, kan kvar av dei krevje at tilskotsfuten tek avgjerd om tilskotet. Dette kan dei gjere jamvel om dei opphavleg har gjort avtale om tilskotet. Departementet kan gje forskrift om gebyr der tilskotsfuten tek avgjerd om fastsetjing og endring av fostringstilskot. Spørsmålet skal likevel avgjerast av domstolane
Når det gjeld tilskot etter § 53 andre og tredje stykket til barn som har fylt 18 år, er det barnet sjølv som gjer avtale eller er part i saka. Dersom foreldra ikkje lever saman når barnet vert født, og dei ikkje har gjort avtale om tilskotet, skal tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet. Får den tilskotspliktige forsytartillegg frå Forsvaret i samband med avtening av førstegangsteneste eller sivilteneste, eller har rett til anna yting frå det offentlege der barnetillegg er ein del av stønaden, kan tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet for den tida slikt tillegg vert utbetalt. Eit organ som handsamar sak om fastsetjing av tilskot, har same rett til å krevje opplysningar som tilskotsfuten etter § 10 andre stykket. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om utmåling av fostringstilskot etter lova. Endra med lover 8 juni 1984 nr. 62, 3 mars 1989 nr. 8, 15 des 1989 nr. 90, 15 juni 1990 nr. 34, 16 juni 1994 nr. 21 (sjå avsnitt V i den lova), 15 juni 2001 nr. 37 (i kraft 1 jan 2002, etter res. 15 juni 2001 nr. 640). § 55. Fastsetjing av tilskot for tid som har gått. Det kan fastsetjast fostringstilskot også for tid som har gått, men likevel ikkje for lengre tid enn tre år før kravet vart sett fram for avgjerdsorganet. Skal fastsetjing skje for meir enn eitt år attende, er det eit vilkår at parten har hatt særleg grunn for forseininga med å setje fram kravet. Endra med lov 19 juni 1992 nr. 63. § 56. Indeksregulering av fostringstilskot Alle faste fostringstilskot til barn skal indeksregulerast etter reglane i denne paragrafen dersom ikkje anna er fastsett i avgjerda eller avtalen. Indeksreguleringa gjeld også for minstesummen som er fastset etter lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven) § 5 første stykket. Reguleringa er knytta til endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Tilskota skal regulerast kvart år ut i frå endringa i konsumprisindeksen for januar månad i høve til indeksen ved førre regulering. Kvar regulering gjeld berre for tilskotsterminar som forfell i juni eller seinare. Tilskota skal regulerast med den prosentsats som konsumprisindeksen er endra med, rekna ut på næraste tidel. Tilskotssummen vert avrunda til næraste heile ti kroner. Tilskotsfuten reknar om tilskot som skal krevjast inn etter lova om innkrevjing av fostringstilskot. Departementet kan gje forskrifter om gjennomføring og utfylling av reglane i paragrafen her. Endra med lover 15 des 1989 nr. 90, 17 jan 1992 nr. 7. § 57. Særskilt endring av fastsett tilskot. Tilskot som er fastsett av administrativt organ eller domstol, kan krevjast endra dersom særlege grunnar talar for det. Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om slik endring. Også tilskot som er eller skulle ha vore betalt då kravet om endring vart framsett, kan setjast ned, setjast opp eller ettergjevast dersom sterke grunnar talar for det. Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om ettergjeving av slik gjeld. Reglane i § 55 andre punktum gjeld tilsvarande. Vert det teke avgjerd om å setje ned tilskot som alt skulle vere betalt, skal private og offentlege krav i tilskotet for perioden som endringa gjeld, fastsetjast på nytt under omsyn til den nye tilskotssatsen. Reglane i § 54 andre og tredje stykket gjeld tilsvarande om kven det høyrer under å ta avgjerd om særskilt endring. Reglane i § 54 sjette stykket om at tilskotsfuten kan fastsetje fostringstilskot av eige tiltak gjeld tilsvarande ved endring av tilskot. Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 19 juni 1992 nr. 63, 17 des 1993 nr. 130 (i kraft 1 jan 1994 med verknad også for saker oppstått før den dagen), 16 juni 1994 nr. 21 (sjå avsnitt V i den lova). § 58. Tilhøvet mellom avgjerdsorgan og påstandar frå partane. I klagesaker og i saker om endring av tilskot etter § 57 kan avgjerdsorganet gå utanfor det partane gjer påstand om. Avgjerdsorganet kan også endre andre tilskot etter barnelova og forsytingstilskot til ektemake endå om ingen av partane krev det. § 59. Førebels avgjerd i tilskotssaker. Dersom det er klårt at tilskotet i ei sak vert minst så høgt som forskot på tilskot etter lov 17 februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringslova), skal tilskotsfuten utan opphald fastsetje eit førebels tilskot. Dette tilskotet skal ikkje vere lågare enn forskot til barna etter forskotteringslova. På dei same vilkåra skal tilskotsfuten treffe førebels avgjerd om å setje opp tilskotet i ei sak. I andre tilfelle kan tilskotsfuten etter krav, eller i saker etter § 54 femte stykket av eige tiltak, ta førebels avgjerd i saker om å fastsetje eller setje opp tilskot. Hastar det, kan slik avgjerd takast utan at motparten får seie si meining. Tilskotsfuten kan etter krav ta førebels avgjerd om å setje ned tilskot utan at motparten får seie si meining. Dette gjeld dersom tilskotsfuten finn det klårt at vilkåra for det er til stades. Førebels avgjerd etter første til tredje stykket gjeld frå og med den månaden kravet om fastsetjing eller endring vart sett fram. Slik avgjerd kan fullførast straks om ikkje anna er fastsett, og gjeld berre til det ligg føre ei endeleg avgjerd i saka. Når tilskotssaka skal avgjerast av retten, gjeld paragrafen her på tilsvarande måte. Førebels tilskot skal fastsetjast av retten i orskurd. Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 17 des 1993 nr. 130 (i kraft 1 jan 1994, med verknad også for saker oppstått før den dagen). § 59a. Avgjerd om fostringstilskot til barn fastsett av tilskotsfuten kan klagast inn for fylkeskontoret for trygdeetaten. Tilføyd med lov 3 mars 1989 nr. 8, endra med lov 19 juni 1992 nr. 63. § 60. Gjennomføring av avgjerder om tilskot. Avgjerd i tilskotssak er tvangsgrunnlag for utlegg. Avgjerda har rettsverknader og kan fullførast før ho er endeleg, om ikkje anna er fastsett. Oppfyllingsfristen er tre dagar, om ikkje annan frist er fastsett. Om innkrevjing av fostringstilskot gjeld elles lov 9. desember 1955 nr. 5 om innkreving av underholdsbidrag m.v. Vert tilskot som er gjort opp, sett ned etter § 57, kan den tilskotspliktige krevje at innkrevjingssentralen for fostringstilskot gjer frådrag i pålagt lønnstrekk m.m. på den måten og for dei terminane som sentralen finn rimeleg. Endra med lov 19 juni 1992 nr. 63, 26 juni 1992 nr. 86. § 61. Forskot på tilskot. Om utbetaling av forskot på tilskot gjeld reglane i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven). Endra med lov 15 des 1989 nr. 90. § 62. Tilbakesøkjing av fostringstilskotet når farskapen vert endra. Vert nokon som har betalt pålagt eller avtala fostringstilskot til eit barn, seinare friteken for farskapen til barnet, kan han krevje same sum betalt attende frå folketrygda. Kravet kan setjast ned eller falle bort dersom det er klart at han ikkje hadde rimeleg grunn til å vedgå farskapen, eller at han burde ha reist sak til endring tidlegare. Den som vert friteken for farskapen, kan ikkje søkje pengane attende frå barnet sjølv, frå mora eller frå den verkelege faren til barnet.
|
|||||