FORSLAG TIL ENDRINGER I LOV OM BARN OG FORELDRE

 

 

 

 

Tilbake

Kap. 1

Kap. 2

Kap. 3

Kap. 5

Kap. 6

Kap. 7

Kap. 9

 

Kapittel 8. Om bruken av barnelova når nokon av partane har tilknytning til utlandet.

I dette kapittelet benyttes begrepet ”foreldre” med unntak av for forhold som bare gjelder biologiske foreldre. Det blir derfor stående uendret slik:

Vert endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728, endrer kapitteltal til « 9 », samstundes vert §§ 63 til 67 til §§ 81 til 85).

§ 63. Når farskap kan fastsetjast i Noreg.                                 Farskap kan fastsetjast i Noreg etter § 4, § 7 og kapitla 3 og 4

a)

dersom mora var busett i Noreg då barnet vart født

b)

dersom barnet seinare har busett seg i Noreg, og mora eller verja til barnet ynskjer å få farskapen fastsett her, eller

c)

dersom den oppgjevne faren er busett i Noreg.

Endringssak etter § 6 kan reisast for norske domstolar, om nokon av dei som kan reise søksmål, er busett i Noreg, eller farskapen er fastsett etter norske reglar.

§ 64. Når sak om foreldreansvar eller samværsrett kan handsamast av norsk doms- eller styresmakt.                                              Sak om foreldreansvar, om kven barnet skal bu saman med eller om samværsrett kan reisast for norsk domstol eller handsamast av fylkesmannen

a)

dersom den kravet rettar seg mot er busett i Noreg

b)

dersom barnet er busett i Noreg, eller

c)

dersom spørsmål om foreldreansvar eller samværsrett tidlegare er avgjort i Noreg, med mindre det er høve til å få spørsmålet avgjort i utlandet og avgjerdsorganet meiner at saka bør avgjerast der.

Sak om førebels avgjerd kan handsamast av norsk domstol i alle tilfelle der barnet eller saksøkte har opphald i Noreg.

§ 65. Når sak om fostringstilskot kan handsamast av norsk doms- eller styresmakt.                                                                Spørsmålet om fostringstilskot kan handsamast av tilskotsfuten eller norsk domstol

a)

når det vert reist i sak om farskap, foreldreansvar eller samværsrett for avgjerdsført norsk organ

b)

dersom ein av partane eller barnet er busett i Noreg.

Endra med lov 3 mars 1989 nr. 8.

§ 66. Lovvalet.                                                                    Saker som høyrer under norsk avgjerdsmakt etter §§ 63-65 skal avgjerast etter norsk rett.

§ 67. Godkjenning av farskap fastsett i utlandet.                          Fylgjer farskapen til eit barn beinveges av utanlandsk lov som skal nyttast etter rettsreglane i vedkomande land, skal dette leggjast til grunn i Noreg, så lenge anna ikkje er fastsett etter §§ 6-7.

Kongen kan i forskrift eller for det einskilde tilfelle avgjere at farskap som på annan måte er fastsett etter utanlandsk lov, skal leggjast til grunn i Noreg. Det same kan fastsetjast i avtale med framand stat.